Til leseforslag
Omslag: "Året har tretten netter : roman" av Mette Karlsvik
Vaksne

Året har tretten netter

Mette Karlsvik

RomanerBegjær – psykologi Dating Oslo
Bestill

Anbefaling

Intenst om altoppslukane Tinder-date

Å lesa om Mette sin altoppslukane Tinder-date gjer ein nesten sliten. Likevel får ein så mange glimt frå fortida og livet til Mette før daten at ein får eit godt bilete av henne og kanskje kan skjøna litt av problema hennar. Mette Karlsvik fekk Tarjei Vesaas` debutantpris for den første romanen sin, "Vindauga i matsalen vender mot fjorden". I "Året har tretten netter" vender ho tilbake til debutboka og skriv vidare om nokre av dei same temaa og personane, men det har gått nesten tjue år og mykje har skjedd i hovudpersonen sitt liv.

Om boka

Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denne usikkerheita. Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er hekta og har ingenting å miste. Sjølv når M begynner å trekke seg tilbake, tenker ho at det er no eller aldri. I «Året har tretten netter» møter vi Mette gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, gjennom kvardagar der alt dreier seg om M. «Året har tretten netter» handlar om tillit og sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er ein ærleg og direkte roman om eit oppslukande, desperat begjær.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content