Til leseforslag
Omslag: "Gunnars rekordbok" av Anders Totland
Eldre barn

Gunnars rekordbok

Anders Totland

RomanerGutter Sorg Vennskap
Bestill

Anbefaling

Mykje lys og varme i Gunnars rekordbok

Likar du å lesa rekordbøker? Det gjer Gunnar også, men i tillegg skriv han si eiga, høgst private rekordbok. Den som ingen får sjå, ikkje eingong Sivert som er bestevennen. Og ein bestevenn kan Gunnar fortelja alt til, det kan han også til Sivert sin far. I boka skriv Gunnar om kameratar, om skulen og om Vilde som har verdas finaste smil. Og om pappa som berre ligg på sofaen og er deprimert. Men mamma skriv han ikkje om, for det er altfor vanskeleg og vondt. Ein dag får den usympatiske klassekameraten Birger tak i boka…kva trur du han gjer?

Om boka

Verdas mest hemmelege rekordbok. Gunnar har ei bok. Ei bok full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vera verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil. Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutta å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok. Forteljing for mellomtrinnet.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content