Anbefaling
I denne boka møter du dei vaskeekte norske sjørøvarane som var med å plyndra skip og drap folk.
Når me høyrer ordet sjørøvar, tenkjer me kanskje på menn med trefot og lapp over det eine auga, og som held til i farvatn langt frå oss. Livet var blodig alvor for ein sjørøvar. Det var gjerne folk som hadde hamna på utsida av samfunnet og blitt kriminelle. I denne boka møter du dei vaskeekte norske sjørøvarane som var med å plyndra skip og drap folk. Det var ikkje folk ein tulla med!
Valborg Sandal
Nesflaten filial
Om boka
Sjørøvarar er kjende for å slost, drepe og bli drepne. I tusenvis av år har sjørøvarar sigla rundt på dei sju hav og gjort det farleg for folk og skip som fraktar varer. I denne boka kan du lese om kva som verkeleg hende, både med dei norske og dei som høyrde heime i andre land, men som kom til havområda utanfor Noreg for å plyndre. Mange av sjørøvarane kom frå fattigdom og drøymde om rikdom, og dei var ofte på utsida av samfunnet. Boka har korte historier om ukjende, mørke sider ved norsk historie. Sakprosa for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.