Bli med forskar Anne Sverdrup Thygeson inn i Skogen
Bli med inn i skogdjupet i eit underhaldande føredrag om livet i skogen og skogen i liva våre
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketStorsalen i kulturhuset
Arrangør
SKOGEN – OM TRE, FOLK OG 25.000 ANDRE ARTAR
Bli med på eit spennande eventyr inn i skogens djupaste mysterium. Du vil få meir kunnskap om det komplekse nettverket av artar i skogen, kva skogen betyr for vår identitet og korleis den har forma Noreg gjennom historia. Sikra deg plass til denne magiske kvelden om skogen vår!
Skogen er myldrande og magisk, like uendeleg rik på biologisk liv som på kulturell betydning. Skog er 25 000 artar i fri dressur, sopp og småkryp, mose og lav, samspel og konkurranse, brutalitet og venleik. Den handlar også om oss menneske. Skogen er som ein grøn renningstråd gjennom heile historia vår. Skogen bygde Noreg. Den gir oss identitet og er utgangspunktet for både ærefrykt og økosorg. I skogen møter me oss sjølve.
Anne Sverdrup-Thygeson viser veg mellom eldgamle tre og underlege artar. Ho fortel om naturkreftene som forma urskogen og om korleis dagens skogsdrift påverkar skogen. Du får høyra ei breiare forteljing om skog, der både biologi, litteratur, politikk, filosofi og historie inngår. Ho snakkar også om vegen vidare. Framleis treng me råvarer frå skogen, men skogen må også vernast som heim for truga artar, som karbonlager og som ein stad for inspirasjon og naturopplevingar.
Anne Sverdrup-Thygeson er ein av Noregs mest profilerte og entusiastiske formidlarar av kunnskap om natur. Til dagleg er ho professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås, der ho forskar og underviser i naturforvalting og skogens biomangfald. Ho har mottatt ei rekkje prisar for formidlinga si, og ho har gitt ut kritikarroste bøker både for vaksne og barn om insekt, skog og artsmangfald. Ho skriv i eit enkelt og folkeleg språk, og bøkene er utgjevne i meir enn 25 land. Hausten 2023 kom boka «Skogen – om trær, folk og 25.000 andre arter» som fekk terningkast 6 i Dagbladet og VG og blei nominert til både Brageprisen, Bokhandlerprisen og Kritikerprisen.
Relatert litteratur
Skogen
Sverdrup-Thygeson, Anne
På naturens skuldre
Sverdrup-Thygeson, Anne
Insekter i Norge
Sverdrup-Thygeson, Anne
Dovendyret og sommerfuglen
Sverdrup-Thygeson, Anne
Insektenes hemmeligheter
Sverdrup-Thygeson, Anne
Insektenes planet
Sverdrup-Thygeson, Anne