Til arrangement

Erling Roland til Suldal med historisk spenningsroman

Litteratur og forteljing
Vaksne

Historisk roman med aktuelt tema i eit Europa på autoritære vegar

Bilete av forfattar Erling Roland
Foto: Jeanette Larsen
Bilete av forfattar Erling Roland
Foto: Jeanette Larsen
Bilete av forfattar Erling Roland
Foto: Jeanette Larsen

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 9. september

Tid

19:30 - 21:00

Stad

Haldast ikkje i biblioteketAllrommet på kulturhuset

Arrangør

Suldal sogelag

Erling Roland er eit kjent namn for fleire i Suldal. Han er senior professor i pedagogisk psykologi og leia i mange år Senter for atferdsforskning i Stavanger. Han var ein pioner i vitskaplege studium av mobbing. I samband med dette arbeidet har han også vitja Suldal.

Roland har eit langt faglitterært forfattarskap bak seg, men i vår debuterte han som skjønnlitterær forfattar med den historiske romanen Innenfor - Rjukan og Berlin.

Romanen skildrar oppveksten til Magne frå Rjukan som flytter til Berlin i 1935 for å studera psykologi. Her får han eit forlokkande tilbod, og snart er han innanfor. Han blir trekt mellom smaken av heider og ære på den eine sida og moral, lojalitet og gryande kjensler for ei ung kvinne på den andre. Roland viser i romanen sin at mobbingas og krigens psykologi liknar kvarandre. Sjølv om dette er ein historisk roman, er dessverre temaet skremmande aktuelt i eit Europa som mange stader går i ei autoritær retning. Noko av handlinga i romanen til Roland er dessutan lagt til Suldal.

9. september kjem Erling Roland til Kulturhuset i Suldal og fortel om boka og skrivinga. Me serverer kaffi og noko å bita i. Gratis inngong.

Relatert litteratur