Til arrangement

Monsterbesøk i dagsturhytta Kvilehaugen

Framsyning
Barn

Bli med på spennande og herleg familieframsyning, med figurteater ved dagsturhytta på Jelsa.

Adele Lærum Duus med monsterdokkene.
Foto: Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus med monsterdokkene.
Foto: Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus med monsterdokkene.
Foto: Adele Lærum Duus

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 12. oktober 2023

Tid

17:00 - 17:30

Stad

Haldast ikkje i biblioteketDagsturhytta Kvilehaugen på Jelsa

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter du Lys levende Adele i alle rollane.

Framsyninga er gratis, den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Denne boka er den femte i den populære serien frå denne svensk/færøysk/islandske forfattartrioen. Framsyninga er støtta av Bibliotekutvikling Vestland og Folkeakademia i Vestland og Sogn og Fjordane.Monsterbesøket i Ryfylke er i regi av Kulturhaust Ryfylke.

Relatert litteratur