Olaug Nilssen
Ingen skriv om ufordringane med eit funskjonhemma barn som Olaug Nilssen.
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Arrangør
Fredag 17. kjem Olaug Nilssen til Kulturhuset i Suldal som del av ein miniturne som mållaga i Strand, Hjelmeland og Suldal arrangerer. Med Judith Sørhus Litlehamar som samtalepartnar vil ho snakka om Uønska åtferd som kom i haust. I boka møter me ein familie der det eldste barnet er utviklingshemma autist.
Dette er tredje romanen Olaug Nilssen skriv om funksjonshemma born, det krevjande kvardagslivet i familiane deira, og det som foreldre og omsorgspersonar opplever meir som ein kamp mot eit offentleg hjelpeapparatet enn eit samarbeid. Den første boka om temaet, Tung tids tale, gav henne både Nynorsk litteraturpris og Brageprisen. Yt etter evne, få etter behov fekk P2-lyttarene sin romanpris. Alle tre bøkene er både sterke og vonde, og me føler med dei som skal kjempa ein kamp både for barnet, men også av og til mot det.
I Uønska åtferd skildrar Olaug Nilssen at alt blir endå vanskelegare når den snart vaksne sonen sine seksuelle kjensler blir påtrengande for alle rundt han. Det er ein desperat situasjon som tøyer familiebanda til det ytste.
Mållaget serverer kaffi og kaker. Vel møtt til ein innhaldsrik fredagskveld!
Relatert litteratur
Uønska åtferd
Nilssen, Olaug
Yt etter evne, få etter behov
Nilssen, Olaug
Tung tids tale
Nilssen, Olaug
Stort og stygt
Nilssen, Olaug