Svanhild Nessa: Det fargerike åkledet
Bli med Nils frå norsk bondekultur til amerikansk draum - frå Stavanger til Salt Lake City
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketAllrommet i kulturhuset
Arrangør
Svanhild Olianna Nessa debuterte i 2023 med den historiske romanen Det fargerike åkledet. Her møter me Nils som reiser frå kone og born i Noreg og drar til Amerika. Han bli kjend med mormonarrørsla og dreg frå New York til Salt Lake City.
I arbeidet sitt med boka har Nessa også funne spor etter folk frå vår eigen kommune, m.a. frå Jelsa, som kom i kontakt med mormonarane.
Gjennom føredraget tek ho oss med til Amerika gjennom faktiske og fiktive utvandrarar.
Velkomen til eit av mange utvandrarrelaterte arrangement i jubileumsåret 2025!
Suldal sogelag held årsmøte i forkant av føredraget.