Utstillinga Moria-leiren - føredrag med Katrin Glatz Brubakk
Moria-leiren frå innsida med psykologspesialist Katrin Glatz Brubakk
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketAllrommet i kulturhuset
Arrangør
Frå 19. oktober blir utstillinga "Barn på flukt, barn i frykt" med bilete frå Moria-leiren vist i allrommet i kulturhuset. Utstillinga har utgangspunkt i boka Moria : på innsiden av Europas største flyktningleir som kom ut i 2023. Boka er er skriven av journalist Guro Kulset Merakerås og psykologspesialist Katrin Glatz Brubakk og illustrert med fotografi av Knut Bry. I samband med at Amnesty-gruppa i Suldal saman med Suldal kunstlag og Folkeakademiet i Suldal viser utstillinga, er Katrin Glatz Brubakk invitert til å halda føredrag. Ho er universitetslektor og psykologspesialist ved Institutt for psykologi ved NTNU og i tillegg feltarbeidar for Leger uten grenser. Ved fleire høve har ho hatt opphald i Moria-leiren. I tillegg til føredrag, blir det song av Hanna Søras Vasshus, litt og bita i og appell frå Amnesty.
Relatert litteratur
Moria
Katrin Glatz Brubakk