Berit drar på sommarferie med mor og far og Harald og Knotten. Dei reiser med eit skip, og rundt skipet er det berre sjø og små seglbåtar. Dei kjem til ein liten stad. "Nett som ein dokkeby", seier Berit. Byen ligg ved havet. Vi kjenner byen att som Skagen. I havet finn dei mange herlege suvernir. Etter ferien kjem far heim ein dag og spreier ut nokre fotografi på bordet. Dei er frå ferien. Ei fin biletbok som får fram korleis det er påferie for ein sjuåring. Boka har klåre illustrasjonar i duse fargar.