Alle i Alta kan

Biletbok  •  Dikt  •  ABC-bøker  •  3 – 10 år

Alle i Alta kan : alfabetdikt

Eva Jensen

2000

Illustrasjonar av:
Inger Lise Belsvik, Gry Moursund
Del 1 av Skolestarttrilogien

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Alfabet
ABC-bøker flest inneheld eitt oppslag for kvar bokstav, med ein tekst og ei teikning som tematiserer lyden for teiknet. Tekstane heng sjeldan saman tematisk. Slik er det også i denne boka, men tekstane har ei gjennomført leikande, humoristisk og barnleg stemning over seg, og er ofte både oppfinnsame og originale. Motiva er slik at norske barn kan kjenne seg att i dei, og dei er prega av situasjonskomikk og nonsens. Her finn ein nintendo og rockemusikk i lag med alltid abc-aktuelle jungeldyr og episodar frå skulekvardagen. Illustrasjonane er særmerkte og prega av brei penselføring og klåre fargar, og ofte bidreg dei med morosame kommentarar til teksten og inneheld element som inviterer til samtale og undring. Eit konsekvent sentralperspektiv spelar saman med detaljar i bakgrunnen på ein måte som kan minne om utbretting av perspektivet og gir ein todimensjonal effekt. Nynorsk. Samlaget, 2000.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram