Det var ein milepæl i norsk barnelitteraturhistorie da Elling Holst og Eivind Nielsen i 1888 gav ut "Norsk Billedbog for Børn". Jamvel dei små barna skulle frå no av ha rett til bøker som underhelt, opplyste og hadde kunstnarleg verdi. I dette arbeidet tek forfattaren føre seg ein del av dei biletbøkene som "Norsk Billedbog for Børn" opna vegen for i tida rundt hundreskiftet. Ho undersøkjer kva slag bilete av barn og barndom desse bøkene held fram for lesaren. Arbeidet er rikt på perspektiv og gjev interessante og overraskande innsyn i korleis den norske biletboka utvikla seg kring hundreårsskiftet. Illustrert med nokre få bilder. Boka er ein del av forskningsprosjektet "Etableringen av den norske barndommen". Med litteraturliste. Nyn.