Kva er vi villige til å gjere med ord, spør Thalia Field gjennom essay og forteljingar i poetisk form. I ei utforsking av historieforteljing som verkemiddel eksperimenterer ho med litterære sjangrar og reflekterer opent rundt så ulike tema som duer, chatterom, atomvåpen og forfattarar. Field sonderer grensene mellom menneskeleg og dyrisk, fakta og fiksjon. Gjendikting og etterord ved Rune F. Hjemås. Omtalen er utarbeidet av BS.