Sommarferien har starta, og Sander og venen Thomas har bissnissplanar. Men ein uheldig spøk med ketsjupblod leier til full utrykking. Ein rik mann kjem oftare og oftare på besøk til Sander si mor, og han finn ut ting han kanskje ikkje ville vite. Når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans, føler han seg endeleg sett. Dette er ein historie om korleis det er å kjenne seg utanfor, med eit glimt av håp. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.