Romanen om den mest profilerte familien på Island startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Forteljinga strekkjer seg fram til Björks ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot. Karlsvik skildrar personane og samspelet deira med naturen og kvarandre. Vi får oppleve naturen, kulturen og samfunnet på Island på andre halvdel av 1900-talet. Dei små, daglegdagse hendingane i romanen blir fletta inn i dei store internasjonale, og teiknar til saman eit fascinerande portrett av eit geografisk isolert, men internasjonalt viktig land. Dette er ein familieroman utanom det vanlege, med Björks veg frå barndom til stordom i sentrum.