Botnen

Kortprosa  •  Vaksne

Botnen : forteljingar

Olav R. Øyehaug

2016

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Der Olav R. Øyehaug si tidlegare novellesamling «Kodane» handla om famlinga etter eit system ein håpte alt inngjekk i, handla «Essensen» om å ha funne dette systemet. «Botnen» tek for seg kva denne kunnskapen kan nyttast til. Men i forteljingane møter vi også menneske som er forvirra, som ikkje fattar særleg mykje av noko. Ei kvinne er sikker på at ho vert avlytta, og dikterer like godt rett ut i lufta. Universet trenar opp ein hund i veskenapping. Og ein sexarbeidar kontaktar ein dagolog, altså ein ekspert på dagar. Olav R. Øyehaug sine noveller skildrar, med varm absurdisme, felt i verda som ein ikkje trudde måtte skildrast. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content