Den svarte Audien

Roman  •  9 – 12 år

Den svarte Audien

Hermann Starheimsæter

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Aslak, kjent frå boka "Bang, sa Big og slik ble det", bur med mora i ei vestlandsbygd, og han har fleire problem: Gutane frå Øyra er ute etter å ta han, han lengtar etter far sin, som han aldri har treft, bestevenen Per er bortreist og han får seg ikkje til å snakke med mora om problema sine. No har Big, Aslaks gamle kjenning, flytta til bygda, og bringer med seg kaos og skrubbsår, men viser seg som før, som ein god ven. Han har også med syster si, Anne, som Aslak er veik for. Aslak er korkje forførar eller slåsskjempe, så han tyr til skrifta for å nærme seg problema sine. Boka kjem inn på fleire tema gjennom den episodeprega teksten, men det er hovudpersonen si søking etter kontakt og identitet som kjem best fram. Forfattaren har elles godt tak på språk og forteljarstemme. Illustrasjonane, laga av ein sjetteklasse frå Ljøsne skule, er gjennomarbeidde og einskaplege og gjev eit interessant inntrykk av kva lesarar i målgruppa har festa seg ved. Selja, 2000.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content