Roman  •  Historiske forteljingar  •  Biografiske forteljingar  •  13 – 15 år

Den unge kongen

Johannes Heggland

1999

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Boka fortel om korleis det var å vere konge i Noreg på 1100-talet. Den handlar om livet til unge kong Magnus Erlingsson som vart vald til konge i Noreg berre fem år gamal. Magnus var son til Erling Skakke og dotterson til Sigurd Jorsalfare. Det var brytningstid i landet, og mange kongsemne striddemot kvarandre. Magnus fekk eit omskiftande liv og ein vanskeleg lagnad. Livet hans vart fylt av krig og alvor, og lite glede og kjærleik fekk plass,skal vi tru forfattaren. Heggland fortel soga om Magnus i skjønnlitterær form. Han har prøvd å gjere personane levande og dikta seg inn i korleis detkanskje var. Det er vanskeleg å vite kva som er historiske fakta og kva som er fri fantasi, for boka inneheld ikkje nokon kjeldetilvisingar. Teksten er skriven på eit konservativt nynorsk. Tanken er kanskje å skapa eit så rett tidsbilete som mogeleg, men mange ukjende ord og uttrykk gjer boka tunglesen. Eide, 1999. 191 s. Nyn. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content