Haugesundsdamene Berta Torgersen og Hanna Brummenæs vart kjende med kvarandre då dei jobba på Visnes. Seinare dreiv dei butikk i lag, og innleia forhold til kvarandre, som dei heldt godt skjult.
Dei vart dei første kvinnelege reiarane i Haugesund. Det var vanskeleg å bli teken på alvor blant «dei høge herrar» i rederia Stolt Nilsen, Staalesen og Wrangell. Damene arbeidde døgeret rundt og greidde å halda både rederiet og motet oppe.
Det vart store tragediar for Brummenæs og Torgersen, men innimellom kom der eit glimt av lys.