“Eins pust” er ein samling skarpe og presise dikt. Ei gruppe menneske lever tett på naturen i det som verkar som ei form for fjern urtid. Dei jagar rein med spyd, går over fjell og i hòler, og finn spor etter andre menneske. Når ein mann treff ei kvinne, vaknar kroppen til live. Mathias Nyhagen Asplund har tidlegare gitt ut forteljinga “Der ingen finn oss”, om om to barn som finn støtte i kvarandre og fantasien når livet er krevjande. Omtalen er utarbeidd av BS.