Erna Osland har skrive innanfor ei rekkje sjangrar: realistiske, fantastiske og historiske romanar, lettlesbøker, kriminalforteljingar, sakprosa, noveller, teikneseriar og skodespel. Å vandre i hennar forfattarskap er som å bevege seg i eit landskap fylt med bråe kast og vendingar, skriv Anne-Stefi Teigland i Les i skolen-heftet: stadig finn ho på noko nytt, noko som overraskar eller uroar.