Fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad er Koll avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane. Men fienden er slu, og snart blir Koll nøydd til å vende tilbake til ei usikker framtid i Kervad. Han må halde seg på frifot lenge nok til å stoppe trugselen som lurer. Og om han skulle greie det, er han usikker på om nokon i det heile tatt kjem til å takke han. Dette er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endre både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt. Fantasy for mellom-/ungdomstrinnet.