ISBN 82-521-4548-5 Då Audun Hetland fylte 75 år vart han hylla som ein av landets mest folke- kjære og kjende teiknarar. Denne boka rommer eit utval av dei tusenvis av teikningar, gouachar, akvarellar, portrett og illustrasjonar frå kunstnarensinnhaldsrike og mangslungne karriere. Hovudvekta ligg på dei satiriske kom- mentarteikningane som Hetland i mange år laga for større aviser i Bergen og Oslo. Anten kommentarane tok utgangspunkt i verdspolitiske hendingar eller imeir lokale forhold, er det mange av dei som har fått klassikarstatus over heile landet. Bileta er i farger og svart/kvitt. Kvartformat: 28.3x21,5 cm.