Dette er fjerde bok om Rein. Serien starta med romanen «Det syngande sverdet». Rein Lodinsson lever i folkevandringstida. Han er ung høvding på ein gard som vart overfalt av røvarar. Rein vert rekna som ein klok og modig kar etter to år med strid mellom bøndene i fjorden og inntrengjarane frå fjell og hav. I denne fjerde boka må bøndene ta stilling til eit tilbod om fred frå dei nye folka inst i fjorden. Dei har ein anna tru enn bøndene i fjorden og Rein vert nyfiken på kva for kraft som bur i gudane deira. Vi fylgjer Rein gjennom mange slag og samråd for å skape fred. Samstundes må han ta vare på sin eigen gard og Solvår som no ber barnet deira. Boka gjev eit spennande innblikk i livet under folkevandringstida. Forfattaren syner gode kunnskapar om liv og virke i vår fjerne fortid. Språket er velklingande og speglar tida og tankegangen hos bøndene som både held trælar og ofrar menneske til gudane sine.