Guten og den vesle mannen

Roman  •  6 – 12 år

Guten og den vesle mannen : forteljing

Lars Amund Vaage

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Barn på sykehus
Forteljinga er ein fortsettelse av "Guten med den mjuke magen" som kom i 1990. Vesle Peder har noko gale i magen, ein klump som av og til gjer vondt. Saman med foreldra og storebroren dreg han med båten til det store sjukehuset i byen. Møtet med sjukehuset er skremmande, og Peder føler seg liten og usikker. Trøysta hans er sjukesøstra Brita og kosedyret, som er ein liten mann i metall. Peder blir operert og alt går bra, men han har vanskeleg for å byrje å gå igjen, beina vil liksom ikkje bere han meir. Denne forteljinga går tydeleg føre seg for ein del år sidan. Det er ei tankevekkande forteljing om eit lite barn i møte med det som er ukjent og skremmande. Den er eit godt døme på korleis vaksne, kan hende før meir enn no, tok alle avgjerder over hovudet på barna utan å gje innsyn eller å førebu dei på vanskelege ting i livet. Språket er godt og teksten er skriven i ei knapp form. Samlaget, 2000. 138 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content