Haukelivegen

Vaksne

Haukelivegen : vegen vestover

Åsulv Edland

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

  • Haukelivegen - Kulturhistorie
Vegane mellom aust og vest har vore viktige gjennom alle tider. Fyrst var det tråkk, sidan ridevegar og det kunne då vera både strevsamt og farefullt å frakta varar over fjellet. Med Haukelivegen som samanbindingsveg og køyreveg vart det ei ny tid, og i dag er denne heilårsvegen som ei livsnerve å rekna. Sjølv om vegen har mest å seia for næringslivet, så innebyd også vegen til oppleving for dei vegfarande. Her er mykje storslått natur og langs vegen finn ein i tillegg mange kulturminne. Asulv Edland fortel i denne boka historien om Haukelivegen, både om kor viktig vegen er som transportåre, og om vegen som ein innfallsport til oppleving og kunnskap. Mange kunstnarar har blitt inspirert av vegen og landskapet han går igjennom, og ikkje minst av folka som bur langs med vegen. Her møter vi nokre av desse kunstnarane slik som A.O. Vinje, Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Kjartan Fløgstad og Kolbein Falkeid. Gjennomill. med gamle og nye fotografi. Kjelder.

Utgåver