Lån boka
Om boka
Denne ekte vestlandskrim'en tar oss med til ei bygd i Hordaland, der småbrukaren Anton Lilleberg, som er så glad i oppvarma appelsinjuice, ein dag blir funnen død på kjøkkengolvet. Samtidig er kona hans blitt sporlaust borte, og dessutan blandar det seg inn eit par postranarar på uforklarleg vis. Dette er problema Kripos og dei lokale lensmannsfolka må greie opp i. Saka ser ut til å løysast, men den verkelege mordaren blir ikkje avslørd førpå aller siste linje i boka. Boka kom første gong i 1993. Forfattaren har skrive barnebøker og "Stor norsk rimordbok", men er best kjent som krimforfattar. Mykje lest er "Død mann i boks" (1995) og "Til jord skal du bli" (1997).