I denne romanen møter vi ei kvinne i midten av sekstiåra som står midt mellom barnebarna og den aldrande mor si. Sakte men sikkert mister ho mora, som vert dement og visnar hen. Samtidig ser ho sin eigen alderdom kome. «På den andre sida er Mars» er ein roman om kvinners roller i livet og om sjølve tilværet. Boka vart innstilt til Nordisk Ministerråds litteraturpris 2015. Omtalen er utarbeidd av BS.