Dette er ei søt, lita bok om den vesle jenta Anne som saman med fantasivenninna si legg ut på ferda mot Zahls hus på Kjerringøy, men som blir sett av ferga og som må snike seg på for å komme heim igjen. Replikkaneer skrivne på nordlandsdialekt, elles er teksten på nynorsk. Hovudpersonen gjer mykje rart i sin eigen fantasi, og lesaren skal nok vere litt røynd forikkje å bli forvirra av ei handling som går føre seg på minst to plan. Boka verkar enklast å lese høgt for den som har same dialekt som forfattaren. Boka har fargerike illustrasjonar av Anne Paulsen på alle oppslag. Orkana, 1998.