Det er seinsommar, det er varmt, klamt og intenst. Anne er ei jente midt mellom barndom og ungdom. Bestevenninna Mariell blir stadig nærare knytta til Karianne, som er litt eldre. Dei to nye venninnene har nok med kvarandre, og Anne blir ståande att aleine. Ho er for ung til å gå på ungdomsklubben, og for rastlaus til å finne noko anna å gjere. Kan ho bli ven med Mariell igjen? Og kva er ho villig til å gjere for å få det til å skje? Dette er Anja Dahle Øverby si første bok. Tegneserien er inspirert av forfattaren sin eigen barndom på Nord-Vestlandet.