Lån boka
Om boka
Når klokkene i kapellet kimar i den vesle bygda på Vestlandet, er det sjeldan eit godt teikn. Den natta Bernhard Kråkvik forsvann frå heimen sin i 1957, slo klokkene høgt og lenge. Dagen etter oppdaga Karl Råde, kyrkjetenaren, at det var festa ei renneløkke til klokkereipet. Kven var det som festa ho der? Bernhard vart aldri funnen, men folk i bygda er sikker på at han vart drepen. Så blir dottera til Bernard borte i dei same traktene i 2009. Og igjen ringjer klokkene i kapellet. Nokre dagar tidlegare hadde ho vore på eit møte i pinserørsla. Kan det vere ein samanheng mellom forsvinninga og det at ho deltok på møtet? Boka tar føre seg ei utfordrande etterforsking, religion, fanatisme og tragiske familietilhøve. Forfattaren har tidlegare skrive bøker i ulike sjangrar. Han fekk strålande kritikkar for novellesamlinga "Berg brest" som kom ut i 2013. Omtalen er utarbeidd av BS.