I denne diktsamlinga undersøker Erling Indreeide tid og gjenstandar, natur og teknologi som filosofiske kategoriar. Han ser på sjølve det apparatet av fenomen menneska eksisterer innanfor, og set ulike tankesystem opp mot kvarandre. Slik viser han samanhengane mellom dei på nye måtar. Erling Indreeide debuterte i 1972 og har sidan gitt ut ei rekkje bøker, først og fremst diktsamlingar.