Einar Førde skreiv i tre år spalta "Einar på onsdag" i Bergens Tidende. Den første samlinga av desse spaltene kom i "Utsyn. Innkast mot gravalvorets diktatur", og til saman er alle 125 artiklane med denne samlinga tilgjengelege i bokform. Førde skriv mellom anna om bilgalskap og psykiatri, bifile parti og emosjonell inkontinens og om eigne tankar kring det å få ein kreftdiagnose. Boka har og syrlege karakteristikkar av til dømes Hagen, Bondevik og Erna Solberg. 375 s. Ib. 2005.