Verda er full av gøymde og forsvunne rikdommar som ventar på å bli oppdaga. Men vegane til dei forsvunne skattane er mange og vanskelege. Ein må våge å utforske underjordiske gangar, hoppe over djupe fjellkløfter og unngå livsfarlege feller. Ein må kunne knekkje mystiske koder og søkje i historiske dokument etter leietrådar. Skattane finst der ute. Og dei ventar på å bli oppdaga. "Leseland - nivå 4" egner seg for dei som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga. Bøkene har meir tekst, 70-90 ord per side, historiene er meir komplekse, har nokre vanskelege ord, tekst delt i kapitler og illustrasjonar på kvar side. Lettlesen for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.