Om ein tilfører kompost til urørt jord vil det føre med seg eit rikt økosystem som både lagrar karbon og tilfører store mengder av næring til plantelivet. Slik kan kompostering bidra til kampen mot klimaendringar og tapet av biologisk mangfald. Kompost kan få nestan alt av plantar til å trivast over tid, og til slutt vil alt kunne vekse meir eller mindre av seg sjølv. Ein hage som tar i bruk kompost vil også hjelpe fuglar, pollinerande insekt og snigleetande amfibiar. Denne boka gir råd og ressursar til kompostering i hage og åker, og handlar også om dei store utfordringane menneska og planeten står overfor. Omtalen er utarbeidd av BS.