Hallvard gler seg til jul. Bror hans kjem heim, og i den store kista han har med seg, ligg det ei gild gåve til Hallvard. Ventetida er lang, og Hallvard skal berre kikke litt oppi kista i håp om å få eit glimt av presangen. Den uskuldige tjuvkikkinga i kista får mykje større konsekvensar enn Hallvard hadde tenkt seg. Dette er ei langnovelle som skildrar barns anger og skam. Forteljing for mellomtrinnet.