Ei diktsamling om det underlege mangfaldet menneskelivet er. Dikta spenner over eit stort register; vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her finn ein dikt som let oss le og bli skaka, dikt til å kjenne seg at i og dikt til å bli djupt forundra over. Det er humor, overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt.