Eksporten frå fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året. Noreg har som mål å bli «verdas fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi eigentleg vere? Historiene frå kysten går ulike vegar. Ein del handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om kvotebaronar og konsesjonsadelen som sikra seg arvesølvet til spottpris. Denne boka handlar om korleis det som var ei primærnæring raskt har blitt noko anna. Om underskot på demokrati i viktige prosessar, om fisk som spekulasjonsobjekt, rovfiske og økonomisk kriminalitet