47 år gamle Leda er ei veletablert yrkeskvinne. Døtrene har flytta til faren i Toronto, og no ser ho fram til å feriere åleine på den italienske kysten. På stranda er ho kvar dag omgitt av ein larmande storfamilie frå Napoli. Ho bit seg merke i ei ung mor og dottera hennar. Leda vekslar mellom å vere sjalu på og beundre den unge kvinna og barnet. Samstundes kjenner ho stadig større avsky mot familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho tok som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien. Omtalen er utarbeidd av BS.