Mars

Roman  •  Vaksne

Mars : erindrings- og oppmuntringsskrift : roman

Jørgen Norheim

1998

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Året er 2072. I dei store nettverka har det hopa seg opp med elektroniske manus, blokkerte med passord, etter folk som er døde. Dei europeiske riksarkivas kodeknekkingsprogram, DERK, får eit nytt manus inn til dekoding, frå Riksarkivet i Oslo denne gongen. Fram rullar historia om Det korte hundreåret, sjølopplevd ved ein av aktørane. På ei hytte ein stad i Valdres sit han på 1900- talet og skriv ned sine minne: om ungdomstreffa med Himmler, spaserturen med Nixon, felttoget med fru Thatcher og dei hemmelege møta med Markus Wolf. Kven han er? Om det teier manuset, men det er lite tvil om kven skribenten trur han er: krigsguden Mars. Jørgen Norheim vart i 2002 nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanen "Ingen er så trygg i fare".

Utgåver