Meistersmeden

Biletbok  •  6 – 12 år

Meistersmeden

Ingunn Margrete van Etten

2002

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Norske segner - Hardanger
Denne biletboka gjenfortel segna om Hallvard som levde på slutten av 1600-talet. Ho handlar om den fattige og dugande smeden Hallvard som støyper eigne pengar og derfor må rømme frå heimbygda si i Hardanger. Forviklingane er mange, og Hallvard held på å miste livet då han er fange og silkevevar hos ein slavehandlar i Konstantinopel. Men han kjem seg heim att med gullpengar innsydde i kleda og ein bit av silkeveven. Det er ei fantasieggjande og mangfaldig historie som blir gjenfortalt gjennom bilete og tekst. Språket er neddempa og nøkternt, og slik blir den gamle tonen frå segna tatt vare på. Bileta er vakre, utført i dempa og metta fargar. Dei er med på å utdjupa handlingselementa i forteljinga. Gjennom dei blir og den historiske dimensjonen forsterka. Eide, 2002.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content