Komikaren Per Inge Torkelsen gjev her eit humoristisk bidrag til bøker med aktiviteter for ulike samanhengar. Her finst intelligenstestar, selskapsleikar, rampestrekar og tryllekunstar. Boka er delt inn i fleire bolkar, kvar med sitt hovudtema. Og forfattaren fornektar seg ikkje. Fleire av oppgåvene har ganske umoglege løysingar, og han parodierar mykje av det som finst av bøker innafor sjangeren. Boka er morosam, rampestrekane stort sett innafor rimelege rammer, og den har ei appetittvekkjande layout.