Vaksne
Norske landskap
2004
Lån boka
Om boka
Denne boka handlar om norske landskap. Om korleis vi er knytt til skogane, fjordane og fjella våre, gjennom minne, gode historier, alvor og latter. Boka handlar dessutan om språket, utan at det treng merkast så mykje. Velkjende skjønnlitterære forfattarar, profilerte journalistar og andre kulturpersonar medverkar med sine tekstar. Blant bidragsytarane finn vi Are Kalvø, Brit Bildøen, Kjartan Fløgstad, Knut Buen, Frode Grytten, Ragnar Hovland og Anne Karin Torheim. Tekstane er like ulike som forfattarane. Boka er først og fremst til ære for nynorsken sine kjerneområde som dreg lasset for dette skriftspråket. Boka er gjennomillustrert med fargefotografi. Har billedregister.