Eit skip seglar på fjorden. Sjølv om doktoren deler ut medisin for at dei som er om bord skal halde seg friske, døyr dei ein etter ein. Under eit dekke av fiskeskinn, med ei bok på brystet, blir dei døde kasta ut i fjorden. Poll overtar vaskejobben på skipet etter ein av dei som blei kasta over ripa. Under ei vaskeøkt på kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under senga. I kista ligg bøkene. Poll har aldri sett i ei bok før. Kan det skade om han opnar ei av dei? Omtalen er utarbeidd av BS.