Dette er ein girl power-bok, som gir eit bilete av korleis det er å vere ung jente i dag. Samlinga har korttekstar og noveller om unge jenter, som observerer verda rundt seg og nøler litt med å handle. Men så finner jentene ut at dei ikkje skal finne seg i alt, heller. Felles for alle jentene i boka er at dei brått oppdagar at det er mogleg å endre seg, eller mogleg å endre ting rundt seg, og så gjer dei det. Nynorsk tekst. Noveller for ungdomstrinnet.