På veg mot stjernene

Roman  •  9 – 10 år

På veg mot stjernene

Leiv Arne Grimstad

2000

Illustratør:
Olav Hagen

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Nils er nyinnflytta, og kjenner seg framand på den nye staden. Han prøver spele fotball, men duger ikkje. Saman med venen Anton, som er materialforvaltar og sjef for førstehjelpsskrinet, drøymer han om jenter og suksess på fotballbanen. Ein dag sit Nils under eit tre der gauken gjel, og han ynskjer seg at han kan skåre mål når han vil og at den finaste jenta skal bli hans. Ynskja går i oppfylling, og han vert verdsstjerne og får den finaste jenta, men på vegen misser han noko som han berre finn attende til ved å gi frå seg alt han har vunne. Språket er livleg og ledig. Sjølve historia varierer ein del i framdrifta. Tempoet i forteljinga aukar på ferda frå røynd til draum. Olav Hagen sine kolteikningar gjev både vare og humoristiske portrett av personane i forteljinga. Gyldendal Tiden, 2000.

Utgåver