Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin. Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan kontroll. Alle elskar forteljingane til Bea. Men det er eit problem, Bea har ikkje ein prompebror, ho har ikkje ein vanleg bror eingong. Og no vil klassekameratane møte prompebroren. "Leseland - nivå 4" egner seg for dei som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga. Bøkene har meir tekst, 70-90 ord per side, historiene er meir komplekse, har nokre vanskelege ord, tekst delt i kapitler og illustrasjonar på kvar side. Lettlesen for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.