Flodhesten sit i vassholet sitt og et vassgras. Han synest at tilveret er meiningslaust og at han er det mest meiningslause av alle dyr! Han vil mykjeheller brøle som løva, bite som krokodilla eller liste seg lydlaust som leoparden. Det er berre det at om flodhesten skal gjere alt det dei andre dyra gjer, blir det ingen til å sitje i vassholet, ete vassgras og halde vassholet ope! Dei andre dyra treng han der, og til sist får dei flodhesten til å skjøne at dei andre kanskje kan spanande ting, men ingen av dei kan ete vassgras slik som han kan. Denne biletboka er ei sjarmerande og enkel framstilling av bodskapen "skomakar bli ved din lest", og at alle har ein plass i den store samanhengen. Teikningane er akvareller med klåre konturar og duse fargar.