Romanen er eit oppgjer med kristen vanetenkjing, men det er og ein roman om kjærleikens vegar og avvegar. Miljøet er eit bygdesamfunn som kunne vore kvar som helst, og gjennom hovudpersonen, emissæren Sikfus Nattvatn og folket hans, møter lesaren vår eiga tid og striden om kva sanning er, og korleis eit menneske skal leve i og med ho.