To kameratar er på fjelltur og ligg i telt ved Reinsvatnet. Dei er på fisketur utan mobildekning. Det er heller ingen som veit kor dei er. Trur dei. Heilt til dei får nokre mystiske meldingar midt på natta frå ein avsendar som kallar seg Skallen. Skallen veit kor dei er, høyrer og ser alt dei gjer og jaktar på dei i mørke. Dei to kameratane undrar på kven skallen er, om dei skal flykte eller om dei skal ta opp kampen med Skallen. Serien «Grøss og gru» utgis i samarbeid med Leser søker bok. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.